Gjøvdal er eit dalføre som ligg i Åmli kommune og strekk seg frå
Gangsei opp til Nesvatn - ca 40 km i vegstrekning. Navnet kjem frå
elva Gjøv som renn gjennom dalen og ender i Nidelva i Åmli.
Her er omlag 175 fastbuande og mange aktive gardsbruk. I sentrum
på Harstveit finn du nærbutikken Gjøvdal Handel AS.

Fyrste laurdag i august vert Gjøvdalsdagen arrangert. Det har blitt
ein triveleg tradisjon med mange utstillarar, god mat, loddsal, musikk
og ikkje minst: campingliv. På kvelden er det dans på Valhall og
trekkspilltoner frå campingvogner og yttertelt er å høyre heilt til morgongry!

Korleis du finn Gjøvdal: Frå E-18 (Oslo/Arendal) kjem du til Gjøvdal
ved å ta av ved Fiansvingen og følge rv 415 til Åmli. Frå Kristiansand
følger du Telemarksvegen rv 41 til Åmli. 4 km nord for Åmli sentrum
tek du av mot Gjøvdal og Birtedalen.
Monumentet på Trongedalsnuten - Toppen av Åmli 929 moh - er på plass!                                                                                 

Gratis utlån av kano!
Gjøvdal Friluftslag låner ut 2 kanoer. Maks 2 døgn av gangen. For utlån kontakt Astrid Raudåna 906 66 430, Magne Hansen 917 08 898 eller Anlaug Askland 951 99 328 for informasjon og kode. Kanoene står ved turistinformasjonen på Harstveit. Vi kan hjelpe til med redningsvester og årer hvis det er ønskelig. Tilbudet er et resultat av grasrotandelmidler og støtte.

Gratis fiske!
Gjøvdal elveigarlag tilbyr alle gjøvdøler gratis fiske! Det er ikke lenger nødvendig med fiskekort. Så: ut og fisk! Hadde vært moro om vi klarte å få til storfisk i elv og vann igjen...

5% andel av din innsats hos Norsk Tipping kan gå direkte tilbake til lokallaget
Send følgende SMS fra din mobiltelefon GRASROTANDELEN 989286838 til tlfnr 2020 så støttar du
Gjøvdal Friluftslag! Meir informasjon her (PDF)
Gjøvdal Friluftslaget ordner turistløyper i Gjøvdalsheiene, har ordna monument
på Trongedalsnuten og arrangerer mykje forskjellig som t.d. fellesturer, akedag, sykkeltur, fiskekonkurranse, padletur, quiz-kveld med meir.